Antidopinginformasjon
1. juni 2004 vart dopinglovverket til Norges Idrettsforbund skjerpa inn. Det viktigaste for den jamne utøvar er kanskje at skjønnsvurdering i dopingsaker ikkje lenger vil forekomme. Det vil seie at uansett kor lite det er din feil at du har ulovlege stoff i kroppen på ein dopingprøve, vert du utestengd frå trening og tillitsverv i to år. Det andre er at det er lagt til ei ny gruppe virkestoff på dopinglista med eigne reglar. Denne gruppa inneheld mellom anna kortison, som ein gjerne finn i salvar mot forskjellige utslett. Vert du teken i dopingkontroll etter å ha brukt til dømes ein slik salve, kan du søke om forenkla fritak for bruken, men då må ein lækjar ha undersøkt deg og tilrådd bruken på førehand. Dette gjeld sjølv om dei aller fleste slike salvar er reseptfrie.
Ein del vil kanskje ikkje tenkje over at dopinglovverket gjeld dei. Til dømes dersom du berre trenar for mosjonen sin del og du ikkje deltek på konkurransar. Det er feil. Alle som er medlemmar i eit idrettslag i Noregs Idrettsforbund kan verte testa kva tid som helst. Antidoping Noreg kan til og med oppsøke deg heime eller på ferie, sjølv om dette i praksis berre hender toppidrettutøvarar. Derimot er dopingtestar på treningar vanleg. Eg har sjølv vore på trening både i Stordhallen og på Fana stadion der dopingkontrollørane har dukka opp og testa alle personar over 15 år. Konsekvensen av å til dømes ikkje ha tilråding frå lækjar for dei medikamenta ein nyttar, vil då utan unntak føre til to års utestenging. Det er då tilfelle av folk som melder seg ut av idrettslaget og heller trenar uorganisert, og dermed tenkjer at dopingdommen ikkje hadde noko å seie. Problemet for slike oppstår fyrst når dei ein gong får ungar og skal vere med og hjelpe til i styret, som trenar eller som oppmann. Då vil idrettslaget få beskjed om at personen er utestengd på grunn av ein dopingdom for kanskje 20 år sidan og kan difor ikkje ha slike verv.
Alle som nyttar medisinar fast må difor undersøke om medikamenta står på dopinglista som de finn på www.antidoping.no. Står det der, må du finne ut om det går under forenkla fritak. Det gjer til dømes dei aller fleste astmamedisinar. Då er det nok at lækjaren din undersøker deg ein gong i året, og skriv i journalen sin at medisineringa må halde fram. Kjem ikkje medikamentet inn under reglane for forenkla fritak, må du sende inn eit søknadsskjema om bruk til Antidoping Norge. Dette skal vere fylt ut av lækjaren din, og du vil då iløpet av tre veker få eit løyve til å bruke medisinen.
Det er eit veldig strengt regelverk, men idrettssjefane i dei fleste land er einige om at det er dette som må til for å få ein dopingfri idrett.
Håpar dette var informativt, og har de spørsmål, er det berre å ta kontakt med Michael L. Storebø.